|
Sentrumsplanen. Offentleg høyring |
|
 Last ned PDF av Plan og ortofoto sentrumsplanen
Vi går no inn i sluttfasen av Sentrumsplanarbeidet. Lenger ned på sida finn du dei ulike dokumenta som høyrer til planen. Alle dokumenta du finn her Rådmannen sitt framlegg til plan. Desse skal no handsamast av Plan og miljøutvalet 1. desember og Bystyret 6 desember. Framlegget frå Rådmannen til politikarane er at planen blir lagt ut på offentleg høyring i perioden medio desember 2011 til medio februar 2012. Vedtak i bystyret med evt endringar vil bli lagt ut på denne sida etter handsaminga. Den eksakte høyringsfristen vil også bli kunngjort.
Planen er bygd opp med eit plankart, som viser kva dei ulike delane av byen kan nyttast til. Kartet må sjåast i samanheng med Føresegner og retningslinjer, dette er tekst for utdjupar kva som er mogleg å gjere innanfor kvart område.
Dei andre dokumenta er bakgrunnsmateriale og det faglege grunnlaget for utkastet til plan. |